Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland
Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland

Fredag 1. november kl 19.00

Operasalen på Nordfjordeid er einaste konsertstad i Sogn og Fjordane når to institusjonar innan norsk musikkliv slår seg saman og legg ut på ein omfattande haustturné saman.

 

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland har ei fartstid i bransjen på over 70 år til saman. Dei har begge opparbeidd seg unike posisjonar i norsk musikkliv og blir sett på som to av våre fremste artistar. No slår dei saman to omfangsrike låtkatalogar, og publikum kan dermed vente seg ei konsertoppleving for historiebøkene. Det er duka for ein stemningsfull, oppløftande og ikkje minst gåsehud-framkallande kveld.

 

«Sigvart har ein av Nordens flottaste stemmer, det er ein fryd å jobbe med karen, det vankar gåsehud kvar gong. No blir det altså rikeleg med gåsehud-muligheiter i haust. Om ikkje stemma mi er så sofistikert som Sigvart si, så hender det at den når fram. Dette gler eg meg til og for alle de som har det som Knut Arild Hareide: «..når det gjelder musikk likar eg alt frå Sigvart Dagsland til Bjørn Eidsvåg», så må jo dette vere huastens riktige valg», humrar Eidsvåg.

 

Dagsland ser også fram til å legge ut på vegen med Eidsvåg:

«Eg gler meg som ein unge til desse konsertane. Bjørn er ein av vår tids store norske formidlarar, med ein låtkatalog som kan gjere dei fleste andre grøne av misunning. Vi har ikkje heilt ulik bakgrunn, for å sei det forsiktig, og eg tenkjer at dette samarbeidet er ein historie som lenge har venta på å bli fortalt. Og ikkje minst: Eit viktig kriterium for meg, etter å ha turnert med Karoline Krüger i fjor, var at neste samarbeidspartnar måtte vere PENARE enn henne. Og då var jo valet enkelt.»

 

Dagsland og Eidsvåg har begge blitt tildelt fleire prestisjetunge prisar som Prøysenprisen og fleire Spellemannprisar. Dei har gitt ut fleire titals album med store salssuksessar og utselde turnear.

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i 1,5 time, ikkje pause.

 

Billettpris 500 kr inkl. avg.  

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 01 nov 19:00 Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland 500 Kjøp