Alt det lyse og alt det mørke 1. feb
Alt det lyse og alt det mørke 1. feb

Alt det lyse og alt det mørke 

Fredag 1. februar kl 19.00

«Alt det lyse og alt det mørke» av Brynjulf Jung Tjønn er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd.

Det spesielle er at historia blir fortald frå barnet sitt perspektiv. Vesle Vibeke er glad viss ho berre får vere med faren i tømmerskogen. Under dei dansande snøfillene gløymer ho både kulde og svolt. Men uansett kor hardt ho tviheld på desse lysglimta, forsvinn faren i skuggane.

Kva så når ho sjølv blir mor i ung alder? Vil ho klare å gi dottera Hildegunn ein lysare oppvekst?

Bak stykket står eit kraftlag frå Vestlandet. Det er andre gongen Miriam Prestøy Lie set i scene ein roman av Brynjulf Jung Tjønn. I 2016 laga ho teater av brageprisvinnande «Så vakker du er» med Thea Hjelmeland på scena, som vart ei ei kritikarrosa framsyning. Arbeidet blir no vidareført med bergensmusikar Selma Frida Stang som miksar elektronisk, pop, folketonar og salmar, og framfører musikken live. Det heile er pakka inn i scenograf Dordi Strøm sitt visuelle, leikande og vakre univers.

Med: Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Joakim Thrane og Selma Stang.

Av: Brynjulf Jung Tjønn
Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie
Kostymedesignar og scenograf: Dordi Strøm
Musikar: Selma Stang
Lysdesignar: Krystian Myska
Foto: David Zadig

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettprisar inkl. avg.:

Tilbodspris ut året 225 kr

Vaksen 330 kr

Student/barn 135 kr

Honnør 295 kr

Gruppe 5+ 295 kr

Teaterlauget 275 kr

BOB-medlem 295 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 01 feb 19:00 Alt det lyse og alt det mørke 355/135 Kjøp