Adam Douglas 12. desember
Adam Douglas 12. desember

An American Holiday with Adam Douglas

Torsdag 12. desember kl 19.00

Adam Douglas inviterer til ein storslått julekonsert med eit amerikansk soul- og jazz-uttrykk. Tema er vinter og jul. Det blir nokre klassiske julelåtar, samtidig som publikum får servert nye versjonar av gamle hits og nokre originallåtar. 

 

Med seg har han songarar frå koret Traces Gospel Choir og eit fantastisk band. 12 musikarar på scena gjer dette til ein av dei største omreisane juleturneane i landet.

 

Adam Douglas har på få år markert seg som ein av Norges mest hardtarbeidande artistar, med si store stemme og delikate gitarspel. Hausten 2017 tok han steget inn i dei tusen heimar. Kvar laurdag løyste han nye musikalske utfordringar i Stjernekamp, og enda opp med å vinne heile konkurransen. Adam Douglas er oppvaksen i Oklahoma, og har budd i Chicago og Minneapolis. Han nærast ramla inn på ei scene då han var åtte år og har sidan ikkje sett seg tilbake. Adam er ein spelemann i ordets rette forstand. Musikken hans handlar om å spele for folk. 

 

The American Holiday band:

Adam Douglas - gitar og vokal

Jørgen Kasbo – gitar

Thor Erik Fjellvang – keys

Iver Olav Erstad – keys

Lars Erik Dahle – bass

Ruben Dalen - trommer  

Kor: Monica Lysand, Tracee Meyn, Linn Marie Patee, Johanna Dahl Byrne, Siv Iren Misund og Ingrid Elisabeth Thomassen - alle frå Traces Gospel Choir

 

Arrangør: Fjordane Musikkforum

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Konserten varer i om lag 1,5 time (ikkje pause)

 

Billettpris 575 kr inkl. avg

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 12 des 19:00 An American Holiday with Adam Douglas Kjøp