FAMILIEMUSIKALEN ANNIE MED OPERA NORDFJORD 23. - 25. NOVEMBER
FAMILIEMUSIKALEN ANNIE MED OPERA NORDFJORD 23. - 25. NOVEMBER

Annie

Fredag 23. november kl 18.00
Laurdag 24. november kl 18.00
Søndag 25. november kl 14.00
Søndag 25. november kl 18.00 - ekstra!

Opplev den rørande historia om sjarmtrollet Annie! Den amerikanske familiemusikalen hadde premiere på Broadway i 1977, og har sidan rørt og begeistra hundretusenvis av publikummarar både på film og teaterscener over heile verda. 

 

No skal Opera Nordfjord gje oss denne opplevinga! 

 

Regissør og musikalsk leiar Michael Pavelich har med seg koreograf Candice Bredesen, som tek seg av både koreografi og innstudering av alle dansenummera.

 

 

Distriktsoperaen kan presentere eit knallsterkt lag med unge musikalstjerner: Annie vert tolka av Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo frå Eid som Duffy, Åsa Liv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Woxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.

 

Dei andre 11 barneheimsjentene som er plukka ut kjem frå heile Nordfjord. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som fyller den lange rollelista. Michael Pavelich, kunstnarisk og musikalsk leiar i Opera Nordfjord gjer comeback på scena, no i rolla som Oliver Warbucks, medan skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal spelar den ondsinna Miss Hannigan. Distriktsmusikar Ann-Margrit Silfverhielm frå Gloppen tolkar rolla som Grace, den elskverdige sekretæren til Warbucks. Ingrid Tykhelle Kayser og Simon Standal Pavelich spelar det tvilsomme paret Lily og Rooster, som utgir seg for å vere foreldra til Annie, for å vinne den solide dusøren som er utlova. Håvard Furnes frå Giske spelar den entusiastiske radioverten Bert Hely. 

 

Til saman 54 lokale songarar og dansarar er med i produksjonen. 

 

Annie er omsett til nynorsk av Jostein Avdem Fretland og vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord. Balletten Nøtteknekkaren, musikalane The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown er tidlegare produksjonar for heile familien.

 

Orkesteret på 17 musikarar er samansett av musikarar frå Eid, Gloppen og Førde.

 

Den folkekjære musikalen er perfekt for heile familien, frå dei aller yngste til oldemor og oldefar.  

 

Velkomen til Opera Nordfjord si Facebookside!   

Framsyninga varer i om lag 2,5 timar inkl. pause.  

 

Billettprisar (inkl avg): 
Ordinær 390 kr
Barn, ungdom og student 250 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no