Vox Lux
Norgespremiere: 29.03.2019
Originaltittel: Vox Lux
Sjanger: Drama
Skodespelarar: 
Manus: Brady Corbet
Produsent: 
Christine Vachon
D. J. Gugenheim
Brian Young
Michel Litvak
Andrew Lauren
Foto: Lol Crawley
Musikk: Scott Walker
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Lengde: 1 t. 50 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Killer Films, Andrew Lauren Productions, Bold Films
Distribusjon: Tour de Force
Aldersgrense: 15 år
Begrunning: Enkelte brutale drapsskildringer gjør at denne filmen får 15-årsgrense.

Vox Lux

Et storslagent pop-epos for det 21. århundret, med Natalie Portman og Jude Law i hovudrollane. 

 

I ung alder befinn Celeste seg i sentrum av ei ubeskriveleg tragedie. Ho overlever, og i kjølvatnet av tragedia skriv ho ein song med systera som umiddelbart finn gjenklang hos ein sørgande nasjon. Godt hjulpe av systera (Stacy Martin) og ein musikkagent (Jude Law), går Celeste frå å vere eit offer til å vere ein internasjonal popsensasjon. Den vaksne Celeste (Natalie Portman) får dog erfare at det er utfordrande å skulle kombinere eit privatliv med rolla som popdiva i eit stadig meir komplekst samfunn.

 

VOX LUX skil seg klart ut som eitt av dei friskaste pusta i eit år prega av musikkfilmen sin tilbakekomst. Natalie Portman og Jude Law gjer forrykande gode rolleprestasjonar, men det er likevel nykomaren Raffey Cassidy som stel showet. Regissør Brady Corbet, mest kjent som ein velrenommert skodespelar, viser seg igjen som ein framragande og innovativ filmskapar med store aspirasjonar. Artisten Sia sine originalskrivne songar og eit grandiost lydspor frå legenden Scott Walker er med på å gjere dette til eit storslagent pop-epos, fyllt av referansar til dette århundret, og med eit særlig kritisk blikk på framveksten av populærkulturen. 

 

«Den beste og mest interessante filmen vi så i hele 2018» - Montages

«En enestående film som framkaller både smerte, ekstase og ettertanke hos publikum. Wow.» - Cinema (6 av 6)
«Et av årets absolutte høydepunkter på norsk kino.» - Filmmagasinet (6 av 6)