The Invisible Man

Hurra - vi er glade for å kunne opne opp kinosalen for litt fleire! Vi legg fortløpande ut nye kinoframsyningar i vekene framover, tilpassa gjeldande smittevernsreglar. Vi gler oss veldig til å ta i mot deg, men husk at du sjølvsagt må vere frisk frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime. Vi set fram antibac ved inngangane og ber deg om å bruke dette både når du kjem og i det du går. Kiosken er open. 

 

 - Du må kjøpe billett via nettsidene våre eller eBillett-appen. 

 - Billettane er unummererte. 

 - Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene. 

 - Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom, det vil seie at det må vere eitt tomt sete mellom deg og neste publikummar. 

 - Personar frå same husstand har lov å sitje saman.

 - Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast. 

 - Vi har plass til 28 publikummarar på kvar visning.

 

Følg også Stad kino på Facebook for oppdateringar! 

 

 

OMTALE: 

Cecilia (Elisabeth Moss) lukkast med å flykte frå den valdelege og manipulerande sambuaren sin, forskaren Adrian Griffin. Ho starter eit nytt liv i nye omgjevnadar, sjølv om ho lever i evig frykt for at Adrian skal finne henne. Så får ho beskjed om at ekskjærasten har teke livet av seg, og i testamentet har han etterlete henne ein betydeleg pengesum. Når sjokket har lagt seg, startar Cecilia endeleg å sjå lyst på framtida igjen. Men ho føler seg framleis iaktteken, og snart startar ei rekkje skremmande hendingar å ramme henne og dei ho har kjær. Held ho på å bli galen, eller er det nokon der ute som vil skade henne? Nokon ho ikkje kan sjå....? 

 

 

 

Lengde: 2 t. 4 min

Aldersgrense med begrunnelse: 15 år
Filmen inneholder angstskapende scener og enkelte nærgående og blodige drapsskildringer. Den får derfor 15-årsgrense.

 

Premiere: 06.03.2020
Skodespelarar: Elisabeth Moss, Storm Reid, Aldis Hodge, Sam Smith
Sjanger: Horror / Thriller
Regi: Leigh Whannell
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk 
Distributør: United International Pictures

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 31 mai 19:00 The Invisible Man 100 15 år Kjøp