Star Wars: The Rise of Skywalker
Verdspremiere onsdag 18. desember!
Lucasfilm og regissør J.J. Abrams slår seg saman igjen for å ta med publikum på ei ny episk reise til ein galakse langt, langt vekke med "Star Wars: The Rise of Skywalker". Dette er det siste kapittelet i den høgt verdsette Skywalker-sagaen, der nye legender blir fødde og den endelege kampen for friheit står att.
Premiere-Kahoot onsdag 18. deseber!
På premieredagen inviterar den nystarta filmklubben Nordfjord Filmlaug til Kahoot i kinosalen kl.18:30! Test Star Wars- kunnskapane dine og vinn fine premiar! Du må ha billett til filmen kl. 19:00 for å kunne delta. Kahooten startar presis, dvs du må vere klar i setet og pålogga Kahoot-appen før klokka er18.30. Følg Facebook-arrangementet for meir info her!
Lengde: 2 t. 35 min.
Aldersgrense: Filmen er foreløpig ikkje aldersklassifisert av Medietilsynet.