Sonja
Norgespremiere: 25.12.2018
Originaltittel: Sonja
Sjanger: Drama
Skodespelarar:
Manus: Mette Marit Bølstad, Andreas Markusson
Produsent: Synnøve Hørsdal
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Maipo Film
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon
Aldersgrense: ventar på sensur

Sonja

Sonja er filmen om Sonja Henie, tidenes største kunstløpar, som bestemmer seg for å reise til Hollywood i 1936 og bli filmstjerne. Den  fyrste filmen hennar, One In a Million, blir den mest sette i verda det året. Ho havnar på coveret av Time Magazine, blir ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood, og slik skal det halde fram i lang tid framover. Nye filmar, halsbrekkande koreografiar, spektakulære skøyteshow, endelause festar, aldri aleine, alltid omringa av kjærastar, beundrarar, vener og familie, og med stor appetitt på pengar, menn, festar og alkohol. Ein endelaus opptur.

 

Men så skjer det. Sonja blir eldre. Ho er ikkje søt lenger. Publikumstala synk, filmselskapa trekkjer seg. Sonja sel eigendomen til bror sin, bryt med manageren sin og satsar alt på eitt kort: "Holiday on Ice" skal til Rio De Janeiro. I Rio er isen roten, Sonja er full, ho fell på isen, publikum pip, pressefotografane frydar seg. Sonja er nødt til å reise seg, ein siste gong. Og denne gongen er det ingen som har lyst til å sjå på.

 

MERK: Filmen har ikkje fått aldersgrense av Medietilsynet endå. 

 

 

Ine Marie Willmann spelar Sonja Henie. Ho gjekk ut av Teaterhøgskolen våren 2011, og har hatt ei rekkje store roller ved teater rundt om i Noreg, mellom anna som Anne Frank i oppsetninga av Anne Franks dagbok på Den Nationale Scene i Bergen i 2013, og i Riksteatret si oppsetning av Anna Karenina i 2011. Willmann mottok Amandaprisen for beste kvinnelege skodespelar i 2015 for rolla i spelefilmen De nærmeste, regissert av Anne Sewitsky. I 2016 mottok ho Gullruten i klassa beste kvinnelege skodespelar for rolla i krimserien Det tredje øyet (TV2).

 

I øvrige roller finn vi Eldar Skar (Okkupert, Mammon) som broren Leif Henie, Pål Sverre Hagen (Kon-Tiki, Valkyrien) som Niels Onstad og den irske skodespelaren Valene Kane (The Fall, Star Wars: Rogue One) spelar Sonja sin personlege assistent Connie.

 

Regissør Anne Sewitsky er utdanna ved Den norske filmskolen på Lillehammer, og Sonja er den fjerde spelefilmen hennar. I 2011 mottok ho prisen for beste film ved den prestisjefylte filmfestivalen i Sundance for debutfilmen Sykt lykkelig (2010), og den andre spelefilmen hennar Jørgen + Anne = sant (2011) vart både ein kritikar- og publikumssuksess, og vart vist ved filmfestivalen i Berlin. Spelefilmen De nærmeste (2015) vart vist på festivalar både i Sundance og Toronto. Ho har også regissert ei rekkje dramaseriar, mellom anna Monster (NRK 2017). 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 27 des 20:00 Sonja 100/80 Kjøp
lau 29 des 20:00 Sonja 100/80 Kjøp