Skammarens dotter 2 - Slangens gåve
Norgespremiere: 15.03.2019
Originaltittel: Skammerens datter 2 - Slangens gave
Sjanger: Fantasy, eventyr
Skodespelarar:
Manus: Gunnar A. K. Järvstad
Produsent: Eva Juel Hammerich, Nina Lyng, Lars Andreas Hellebust, Frederick Howard
Nasjonalitet: Norge, Danmark
Språk: Dansk
Lengde: 1 t. 44 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Nepenthe film, Storm films
Distribusjon: Euforia
Aldersgrense: 12 år
Begrunning: Flere partier med mørk stemning og enkelte scener med kortvarige skrekkeffekter gjør at denne filmen får 12-årsgrense.

Skammarens dotter 2 - Slangens gåve

Sjå den storslåtte filmatiseringa av Nordens største fantasy-boksuksess!

 

Dina har arva mora sine overnaturlege og magiske evner, og legg ut på ei farleg reise for å befri broren som er fanga i den berykta Sagisborgen. Dina har flykta fra den onde Drakan, og søkjer tilflukt i Høylandet saman med mora, broren Davin og den landsforviste prinsen Nico. Då Davin og Nico vert tekne til fange og fengsla i den berykta Sagisborgen, dreg Dina ut på nye eventyr. Ein dag møter ho ein mystisk framand, Sezuan, som påstår at han er far hennar. Sezuan har evna til å få folk til å sjå og tru på ting som ikkje finst, og Dina forstår at ho har den same krafta. Krafta til å sjå vondskapen i andre sine auge, og kva dei skammar seg over. Mot mora sin vilje legg ho ut på ei farefull ferd saman med faren for å få fri fangane i borga.

 

«Skammarens dotter 2 – Slangens gåve» er oppfølgjaren til «Skammarens dotter» frå 2015. Den byggjer på tredje bind i Lene Kaaberbøl sin bokserie om magiske evner, dragar og onde kongerike, og har blitt samanlikna med fantasyunivers som «Harry Potter».

 

Filmen er teksta på nynorsk.