Selvportrett

Eit sterkt portrett av ein kunstnar og av ein dødeleg sjukdom. 

 

Selvportrett er eit portrett av ein kunstnar og eit portrett av ein dødeleg sjukdom. Lene Marie Fossen blei dei siste åra kjend som ein fotograf i verdsklasse som leid av alvorleg anoreksi. Ho har hatt eit unikt prosjekt, nemleg å avkle sjukdomen, vise den fram i all sin skrekk. Eksponere skamma, konfrontere sjukdommen, bryte sjukdomen sine reglar for å overleve. Fotokunsten hennar er naken og ærleg.

 

Gjennom Lene Marie sine eigne bilde får vi ein unik tilgong til korleis det er å leve med sjukdomen. Bilda hennar er ein viktig del av filmen, dei er på veg ut i verda, kjende galleri ynskjer å stille dei ut. Lene Marie har alltid hatt ein indre glød som ho skapar frå, uansett motgang. Det siste året endra dette seg.

22. oktober 2019 døde Lene Marie av anoreksi. Ho rakk å sjå filmen ferdig. Saman med foreldra bestemte ho at filmen skulle lanserast etter planen, det var viktig for Lene Marie at historia hennar kunne bety noko for andre. 

 

SELVPORTRETT er ein film om kunsten og overlevinga si kraft, men den reiser også viktige spørsmål om kva behandling ein som lid av alvorleg anoreksi treng. Publikum får møte ei usedvanleg jente i ein rå og poetisk film. Regien er ved Margreth Olin, Katja Høgset og Espen Wallin. 

 

 

 

 

Lengde: 1 t. 18 min.

Aldersgrense: 12 år
Begrunning: Denne filmen har partier med mørk stemning. Den beskriver et alvorlig . sykdomsforløp og har en tematikk som kan virke forstyrrende på barn. Filmen får derfor 12-årsgrense.
 

Norgespremiere: 17.01.2020

Originaltittel: Selvportrettet
Sjanger: Dokumentar
Manus: Margreth Olin, Espen Wallin og Katja Høgset
Produsent: Margreth Olin
Foto: Espen Wallin, Øystein Mamen, Lars Tubaas Øymo
Musikk: Susanne Sundfør
Originalspråk: Norsk
Produksjonsår: 2019
Produksjonsselskap: Speranza AS
Distribusjon: Norsk Filmdistribusjon
 
 
 
DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 19 jan 20:00 Selvportrett 100/80 12 år Kjøp