Pokémon: Detective Pikachu
Norgespremiere: 10.05.2019
Originaltittel: Pokémon: Detective Pikachu
Sjanger: Eventyr, animasjon, familiefilm
Skodespelarar: 
Nasjonalitet: USA, Japan
Språk: Engelsk
Lengde: 1t 44min
Produksjonsår: 2018
Distribusjon: SF Norge
Aldersgrense: 9 år
Begrunning: Partier med voldsomme effekter, actionscener og skremmende skikkelser gjør at filmen får 9-årsgrense.

Pokémon: Detective Pikachu

Pokémon-verda kjem til live! «POKÉMON Detektiv Pikachu» er den fyrste live-action spelefilmen som er laga om Pokémon-universet. 

 

Historia startar då stjerne-etterforskar Harry Goodman forsvinn på mystisk vis, og den 21-årige sonen hans Tim dreg for å finne ut kva som har hendt. Til å hjelpe seg med etterforskninga har han Harry sin tidlegare Pokémon-partner, detective Pikachu – ein smart og sprudlande super-snok som til og med forvirrar seg sjølv. Tim er det einaste mennesket som kan snakke med Pikachu, så dei er det perfekte radarparet i jakta på å løyse mysteriet. Saman følgjer dei spor i dei neonbelyste gatene i Ryme City – ein moderne metropol der menneske og Pokémonar lever side om side i ein hyper-realistisk live-action-verd. Dei møter eit mangfald av Pokémon-figurar og avdekkjer ei sjokkerande samansverging som kan øydelegge den fredelege sameksistensen og truge hele Pokémon-universet.

 

Ryan Reynolds spelar detektiv Pikachu, og filmen er basert på det populære Pokémon-merket som fengjer alle generasjonar og er eitt av tidenes mest populære og suksessfulle mediefranchise. Fans over heile verda kan no oppleve Pikachu på det store lerretet som Detektiv Pikachu, ein heilt unik pokémon. I filmen møter vi også eit breidt utval av kjende og kjære pokémon-figurar, alle med kvar sine unike evner og personlegdomar.