Parasitt

Parasitt

Vi hyller årets store Oscar-vinnar PARASITT og køyrer ei ynskjereprise til glede for dei som gjekk glipp av denne filmperla. 

 

Parasitt stakk av med sigeren i kategoriane Beste film, Beste regi, Beste fremmedspråklige film og Beste originalmanus, og har tidlegare også henta med seg den gjeve Gullpalmen heim frå filmfestivalen i Cannes. 

 

 

 

I PARASITT møter vi ein familie på fire som bur i ei nedsliten kjellarleilighiet i byen. Utsikta er ei glipe på gateplan mot eit smug der bedrukne karar har for vane å late vatnet. Med varierende hell tjuvlånar dei internett frå etasjen over, og for å få mat på bordet pakkar dei pizzaesker for ei restaurantkjede i nærleiken. På trass av samholdet og kjærleiken til kvarandre, er det ikkje stort til liv. Etter eit besøk frå ein venn av sonen i familien, openberer det seg med eitt ei gyllen moglegheit, ein veg ut av elendet. Familien grip sjansen med begge hender.

 

Etter ynskje frå regissøren skal ikkje meir av handlinga røpast her, dette er ei oppleving som nytast best utan å vite for mykje på førehand.

Parasitt er ein sjangerleik av dei sjeldne, og saumlaust slyngast ein mellom varm humor, iskald thriller, familiedrama og samfunnssatire. Samtidig styrer den unna alle konvensjonar og klisjear, slik at filmen umogleg kan settast i bås. Gjer deg klar til ei filmoppleving utan sidestykke!

  


«Sylskarpt skrevet, ufattelig kul og tilstrekkelig ekkel – alt du trenger, og mere til » FilmMagasinet, terningkast 6
«En av årets desidert beste filmopplevelser » Subjekt, terningkast 6
«Fenomenal og full av overraskelser – fortjener å vinne Oscar » 730.no, terningkast 6
«En helt unik opplevelse » Nordlys, terningkast 6

«Et mesterverk – genial og uimotståelig » Aftenposten, terningkast 6
«En fryd å være med på » NRK Filmpolitiet, terningkast 5

 

 

Lengde: 2 t. 12 min.

Aldersgrense: 15 år
Begrunning: Enkelte blodige draps- og voldsskildringer gjør at filmen får 15-års aldersgrense.
 
Norgespremiere: 31.01.2020
Originaltittel: Gisaengchung
Sjanger: Drama, Thriller
Manus: Kim Dae-hwan, Bong Joon-ho
Produsent: Bong Joon-ho, Jang Young-Hwan, Moon Yang-kwon
Foto: Hong Kyung-pyo
Musikk: Jung Jaeil
Nasjonalitet: Sør-Korea
Originalspråk: Koreansk
Produksjonsår: 2019
Distribusjon: Arthaus