OSCARkino: Shoplifters
Norgespremiere: 18.01.2019
Originaltittel: Manbiki Kazoku
Sjanger: Drama
Skodespelarar:
Nasjonalitet: Japan
Språk: Japansk
Lengde: 2 t.
Produksjonsår: 2018
Distribusjon: Another World Entertainment
Aldersgrense: 12 år
Begrunning: Enkelte seksuelle skildringer gjør at denne filmen får 12-årsgrense.

OSCARkino: Shoplifters

Shoplifters er ei varm skildring av ein familie utanom det vanlige som har mange løyndomar, og som må gå uortodokse vegar for å få endane til å møtast. Som tittelen antydar skildrar Shoplifters ein familie som stjel daglegvarer for å få mat på bordet. En dag bestemmer dei seg for å ta til seg ei lita jente på seks-syv år som ikkje blir teken godt vare på av sine eigne foreldre.

 

Filmen har blitt unisont hylla av eit internasjonalt kritikarkorps, og treffande omtalt som «ein Oliver Twist for vår tid». Regissør Hirokazu Kore-eda har ein sjeldan sensibilitet når det gjeld å skildre familieliv. Med denne filmen stiller han utfordrande spørsmål om ulikskapen på familiar forbunde av blodsband, og alternative familiekonstellasjonar som er knytte saman av kjærleik. Shoplifters er ein sjarmerande og hjerteskjærande film som er full av vakre augeblikk. Regissør Hirokazu Kore-eda fekk velfortjent den høgthengande Gullpalmen under årets filmfestival i Cannes for denne filmen.

 

Vinner av GULLPALMEN - Cannes Film Festival!
Vinner av PUBLIKUMSPRISEN - Film Fra Sør!
OSCAR nominert!
BAFTA nominert!
GOLDEN GLOBE nominert!

 

Norske anmeldarar har vore over seg av begeistring, og trilla yatzy i seksarar: 

«Briljant. En sann nytelse av en film og er herved anbefalt på det varmeste.» -Aftenposten, terningkast 6

«En av årets aller beste filmer.» Dagsavisen, terningkast 6

«En verdig Gullpalmevinner. En familie som kan komme til å stjele ditt hjerte. En unik opplevelse.» Dagbladet, terningkast 6

«Den sniker seg inn i hjertet ditt før den klemmer til så det gjør vondt.» TV2, terningkast 6

 

Shoplifters er Oscar-nominert i klassa beste utanlandske film