OSCARkino: BlacKkKlansman
Norgespremiere: 24.08.2018
Skodespelarar:
Regi: Spike Lee
Lengde: 2 t. 15 min.
Distribusjon: United International Pictures
Aldersgrense: 12 år
Begrunning: Skildringer av realistiske og voldelige opptøyer og gjennomgående nedsettende språkbruk som kan virke forstyrrende, gjør at denne filmen får 12-årsgrense.

OSCARkino: BlacKkKlansman

 

Basert på ei sann historien om ein svart politimann som utga seg for å vere kvit for å infiltrere Ku Klux Klan, og enda opp som leiar for ei lokalavdeling.

 

Filmen er basert på opplevingane til politietterforskaren Ron Stallworth (John David Washington) i Colorado Springs i USA midt på 1970-talet. Han ser ein avisannonse for det lokale Ku Klux Klan-laget, tek kontakt og utgjev seg for å vere interessert i eit medlemsskap.

Problemet er at Stallworth er afroamerikanar og mest truleg lite velkomen i gjengen. Han må difor alliere seg med kollegaen Flip Zimmerman (Adam Driver), som utgjev seg for å vere Stallworth i alle personlege møte, medan Stallworth sjølv held fram med å kommunisere med klanen på telefon, mellom anna med den nasjonale KKK-leiaren David Duke (Topher Grace). Slik startar ei risikabel etterforskning for å avdekke verksemdene til Klanen.

 

BlacKkKlansman fortel ei absurd histoire basert på verkelege hendingar frå 70-talets USA, med klare parallellar til politiske forhold og strømningar i vår eiga tid. Her har du både ei lattervekkjande og ein sjokkerande filmoppleving i møte. 

 

BlacKkKlansman er nominert til 6 Oscar, i kategoriane:

Beste mannlege birolle - Adam Driver

Beste filmklipp

Beste filmmusikk

Beste regi

Beste film

Beste tilrettelagde manus