OPERAkino: Carmen

Originaltittel: Carmen

Sjanger: Opera
Musikk: Georges Bizet
Libretto: Henri Meilhac, Ludovic Halévy
Historie: Prosper Mérimée

Dirigent: Sir Mark Elder

Songarar

Carmen – Elīna Garanča
Don José – Roberto Alagna
Micaëla – Maria Agresta
Escamillo – Ildar Abdrazakov
Frasquita – Vannina Santoni
Mercédès – Antoinette Dennefeld
Le Dancaïre – Boris Grappe
Le Remendado – François Rougier
Zuniga – François Lis
Moralès – Jean-Luc Ballestra
Lillas Pastia – Alain Azérot

Paris Opera Orchestra and Chorus
Maîtrise des Hauts-de‑Seine / Paris Opera Children’s Chorus
Regi: Calixto Bieito
Set: Alfons Flores
Kostymedesign: Mercè Paloma
Lysdesign: Alberto Rodríguez Vega

Språk

Undertekstar: engelsk

Varigheit: 3t 

Veiledande aldersgrense:frå 9 år

 

OPERAkino: Carmen

Velkomen til OPERAkino! 

 

Sidan premieren i 1875 har Carmen fengsla publikum over heile verda! Carmen er forføraren, erobraren, og begjærer sjølve begjæret.

Elīna Garanča og Roberto Alagna er elektriske i hovudrollane i Calixto Bieito sin versjon. Handlingen lagt til slutten på 1970-talets Spania, rett etter Franco-tida. I ein sirkel av lys møter vi det energiske begjæret som fører menneska til voldsomme handlingar på jakt etter merksemd, makt og tilfredsstilling. Den knusande skuffelsen av å bli avvist blir blottlagt, og fokuset på kvinner og jenter sin vanskelege situasjon under mannsjåvinismen blir avdekka.

 

Dette er ein eineståande sjanse til å få sjå eit av verdas store operaselskap sette opp ein av verdas mest berømte operaer, og det i vår eiga heimbygd! Kom inn i kinomørkret og førebu deg på ei skjelsettande musikalsk oppleving!

 

 

No har du sjansen til å oppleve storslegne framsyningar frå verdas største scener i di eiga heimbygd! 

Fem kveldar denne våren kan du sjå desse framsyningar frå scener rundt om i Europa: 

 

31. januar:    TEATERkino -    Hamlet

14. februar:   MUSIKALkino -  Everybody's Talking About Jamie

7. mars:        KUNSTkino -    Water Lilies by Monet

10. april:      OPERAkino -    Carmen 

23. mai:       BALLETTkino -    Svanesjøen 

 

Trykk på titlane for å kome direkte til omtale og billettkjøp!

 

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 10 apr 18:00 Carmen - Opera de Paris 18/19 200 Kjøp