MUSIKALkino: 42nd Street
MUSIKALkino: 42nd Street

Originaltittel: 42nd Street

Språk: Engelsk

Manus: Michael Stewart & Mark Bramble
Musikk og tekst: Harry Warren & Al Dubin
Regissør:  Mark Bramble
Scenedesign:  Douglas W. Schmidt
Kostymedesign: Roger Kirk
Lysdesign: Peter Mumford
Lyddesign: Gareth Owen

Lengde: 2t 22minutt, fordelt på: 

Fyrste akt: 72 minutt
Pause: 10 minutt
Andre akt: 60 minutt

 

Aldersgrense: tilatt for alle

 

MUSIKALkino: 42nd Street

42nd Street er ein legendarisk Broadway-musikal som no endeleg har funne vegen til kinolerretet! Framsyninga er spelt inn på Theatre Royal i London og byr på ein ekstravagant kveld med glitter og dans!

 

Musikalen handlar om Peggy Sawyer som går av bussen i New York for å gå på ein musikal- audition. Ho er dessverre for seint ute til auditionen, men blir oppdaga av regissøren, Julian, då ho skal vise dei andre jentene kva ho kan, og han gjev henne ei rolle i oppsetninga! Då primadonnaen i musikalen bryt ankelen, overbeviser dei andre jentene regissøren om at Peggy er den rette kvinna for erstatningsjobben. Men Peggy er på veg heim til Pennsylvania! No må Julian finne Peggy og overbevise henne om å ta over hovudrolla. 

 

Dette er den største produksjonen av den Tony Award-vinnende musikalen som har blitt gjort, og er filma i West End sitt hjerte, Royal Theatre på Drury Lane.

 

 

★★★★★ ‘Achingly beautiful revival of an American classic’
THE TELEGRAPH

 

★★★★★ ‘Glorious’
THE EXPRESS

 

★★★★★ ‘Utterly moreish extravaganza of glitz’
THE TIMES

 

★★★★★ ‘Extraordinary’
THE STAGE

 

★★★★ ‘Quality Street’
DAILY MAIL

 

★★★★ ‘A spectacular revival’
TIME OUT

 

 

Skodespelarar:
Dorothy Brock - Bonnie Langford

Julian Marsh  - Tom Lister 
Peggy Sawyer - Claire Halse 
Billy Lawlor - Philip Bertioli
Maggie Jones - Jasna Ivir
Bert Barry - Christopher Howell
Pat Denning - Matthew Goodgame 
Andy Lee - Graeme Henderson
Abner Dillon - Bruce Montague
Mac / Doc / Thug - Mark McKerracher
Annie - Emma Caffrey
Lorraine - Ella Martine
Phyllis - Claire Rickard
Oscar - Paul Knight

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 21 nov 18:00 42nd Street 200 Kjøp