Mary Poppins vender tilbake
Norgespremiere: 25.12.2018
Originaltittel: Mary Poppins Returns
Sjanger: Eventyr, Familiefilm, Musikal
Skodespelarar: 
Manus: David Magee
Nasjonalitet: USA
Språk: Norsk (dubbing)
Lengde: 2 t. 10 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: The Walt Disney Company
Distribusjon: The Walt Disney Company Nordic
Aldersgrense: Tillatt for alle
Begrunning: Denne filmen inneholder ingen scener som antas å kunne virke skadelig på de yngste. Den blir derfor tillatt for alle.

Mary Poppins vender tilbake

 

I Disney sin oppfølgar «Mary Poppins vender tilbake» får vi høyre heilt ny originalmusikk når vi møter att Mary Poppins, som denne gongen skal hjelpe ein ny generasjon av familien Banks med å finne tilbake til gleda og leiken i livet. 

 
Vi er i London under depresjonen på 1930-tallet, 24 år etter hendelsane i den fyrste filmen. Michael Banks jobbar for den same finansinstitusjonen som far sin og lever framleis på 17 Cherry Tree Lane med sine tre barn, Annabel, John og Georgie, og hushalderska Ellen. Jane Banks følgjer mora sine fotspor og jobbar for arbeiderane sine rettar, og gjev ei hjelpande hand til Michael sin familie. Når familien opplever eit tap, returnerer Mary Poppins med sine magiske evner, og med hjelp av Jack bringar dei glede og leik tilbake til heimen i Cherry Tree Lane.

 

Emily Blunt ("The Quiet Place", "The Girl on the Train") spelar den praktfulle og perfekte barnepiken, som med sine unike og magiske evner kan gjere ei kvar oppgåve til eit uforgløymeleg, fantastisk eventyr. Lin-Manuel Miranda ("Hamilton", "Moana") spelar den optimistiske Jack, som tenner lyktene og får lys og liv ut i London sine gater.

 

PL Travers introduserte si «ikkje-noko-tull»-barnepike for fyrste gong i boka "Mary Poppins" frå 1934. I sine etterfølgande eventyr blei imidlertidig Mary Poppins kun nemnt ved nokre få anledningar… inntil no. I "Mary Poppins vender tilbake" hentast magien og rikdomen fram frå PL Travers sitt magiske bokunivers.