Månelyst i Flåklypa
Norgespremiere: 21.09.2018
Originaltittel: Solan og Ludvig - Månelyst i Flåklypa
Sjanger: Animasjon, familiefilm
Manus: Karsten Fullu
Produsent: Synnøve Hørsdal, Cornelia Boysen
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Lengde: 1t 20min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Maipo Film AS
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon
Aldersgrense: Tillatt for alle
Begrunning: Denne filmen inneholder ingen scener som antas å ha skadelig virkning på barn. Filmen blir derfor tillatt for alle.

Månelyst i Flåklypa

Ei spektakulær måneferd tek Flåklypa-universet til nye høgder!

 

 

Eit nytt, internasjonalt månekappløp i gang. Det norske bidraget blir leia av den briljante oppfinnaren Reodor Felgen, med Solan og Ludvig som modige astronautar. Kva kan eigentleg gå gale? Det er faktisk ganske mye. Både hemmelege passasjerar og skjulte agendaer blir avslørte, ja, strengt tatt verkar det som om ingenting går etter planen i det heile!

 

Regissør Rasmus A. Sivertsen er ein av våre fremste animasjonsregissørar, og han er også medeigar i Qvisten Animation. Han står bak filmar som Pelle Politibil, Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin samt dei to tidlegare Flåklypa-filmane som er produserte av Maipo.

Manusforfatter Karsten Fullu har lang erfaring frå scene, TV, radio og film. Han skreiv m.a. manus til Kurt blir grusom, og var også forfattar på dei to andre filmane i Flåklypa-universet.

 

Produksjonsselskapet Maipo Film er Noregs mestproduserande selskap innan spelefilm og har produsert filmar som Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa og Doktor Proktors prompepulver. Selskapet står også bak spelefilmane Staying Alive av Charlotte Blom og De nærmeste av Anne Sewitsky, Doktor Proktors tidsbadekar av Arild Fröhlich, samt Solan og Ludvig - Herfra til Flåklypa som hadde premiere i 2015.

Cornelia Boysen og Synnøve Hørsdal i Maipo er produsenter for denne tredje filmen frå Flåklypa-universet.