Mamma Mia: Here we go again!
Norgespremiere: 20.07.2018
Originaltittel: Mamma Mia: Here We Go Again!
Sjanger: Komedie, Musikal
Skodespelarar
RegiOl Parker
Manus: Ol Parker
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Lengde: 1t 53min
Produksjonsår: 2017
Distribusjon: United International Pictures
Aldersgrense: tillatt for alle

Mamma Mia: Here we go again!

Oppfølgaren til ein av tidenes største kinosuksessar er her!

 

Gjer deg klar for ei ny, herleg filmoppleving! Ti år etter handlinga i den fyrste filmen ventar Sophie og Sky barn. Sophie har teke over drifta av Donna sin villa på den greske øya Kalokairi. Medan ho går gravid ynskjer ho å få vite meir om fortida til mora, og korleis ho møtte dei tre fedrene til Sophie. I tillegg bankar ein ny gjest på døra, Sophies bestemor, som ho aldri har møtt før.

 

Det er duka for nye, morosame forviklingar og ei lang rekkje fengande ABBA- låtar i denne gledesspredaren av ein musikalfilm. Gle deg til eit gjensyn med gjengen frå den fyrste filmen, og ei rekkje nye bekjentskapar i sommaren sin desidert største kinofest!

 

MERK: Fredag 14. september kl. 11.00 visast filmen som BABYkino!