MALAKOFFkino: Løvenes konge
Norgespremiere: 17.07.2019
Originaltittel: Lion King (2019)
Sjanger: Eventyr, familiefilm
Norske stemmer
Mufasa – Nils Ole Oftebro
Simba – Espen Grjotheim
Rafiki – Raymond Sereba
Scar – Håvard Bakke
Young Simba – Oskar Fjeldstad Bergheim
Young Nala – Hedda Grjotheim
Nala – Heidi Ruud Ellingsen
Zazu – Christoffer Staib
Timon – Anders Bye
Pumbaa – Nils Jorgen Kaalstad
Sarabi – Liv Bernhoft Osa
Azizi – Benjamin Helstad
Kamari – Jeppe Beck Laursen
Shenzi – Silje Nymoen
Manus: Jeff Nathanson, Brenda Chapman
Nasjonalitet: USA
Originalspråk: Engelsk
Produksjonsår: 2019
Produksjonsselskap: Walt Disney Pictures, Fairview Entertainment
Distribusjon: The Walt Disney Company Nordic
Aldersgrense: 9 år

MALAKOFFkino: Løvenes konge

Malakoff + Eid kino = MALAKOFFkino!

Velkomen til LØVENES KONGE på Malakoff Rockfestival!

Vi skapar om lavvoscena på festivalområdet til kinosal for nokre timar, og inviterer deg til ei fantastisk oppleving med Disney sin nye versjon av Løvenes konge!

 

Dette er eit alkohlfritt arrangement for alle i alle aldrar, og ei perfekt opplading til #denbestefestivalopplevinga! Filmen blir vist med norsk tale.

 

Husk at vi er ute, og dette vil påverke sikt-, lyd- og bildekvaliteten noko. Men dette kjem uansett til å bli eit minne for livet!

 


BILLETTINFO:
- Billettane kjem i sal tysdag 25. juli kl. 12.00
- Avgrensa antal plassar - kun 200 billettar!
- Billettpris: kr. 100,-
- Malakoffbillett gjev ikkje inngang til filmen.
- Filmen har 9 års aldersgrense, det vil seie at born frå 6 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen. 

 

 

PRAKTISK INFO:
- Dørene opnar 11:15.
- Inngangen er ved hovudinngang til festivalområdet - sjå merking på plassen.
- Det er ikkje stolar på visninga, hugs å ta med sitjeunderlag eller pledd!
- Det blir sjølvsagt sal av popcorn på området!

 

FILMOMTALE:
Med bruk av nyvinningar i filmskaparteknikken kjem Disney sin velkjende klassikar Løvenes Konge til live på ein heilt ny måte denne sommaren! Bli med til den afrikanske savannen der ein framtidig konge blir fødd.

 

Simba forgudar far sin, Kong Mufasa, og aksepterer si eiga rojale skjebne. Men ikkje alle i kongeriket feirar ankomsten av den nye løveungen.Mufasa sin bror Scar har til no vore arving av trona, og legg no sine eigne planar. Kampen om klippen fyllast av svik, tragedie og drama, og fører til at Simba rømmer. Med hjelp frå nye vener må Simba finne seg sjølv og ta tilbake det som rettmessig tilhøyrer han.

 

 

Filmen blir også vist på Eid kino frå 1. august, både med norsk og engelsk tale.