Kutoppen
Norgespremiere:19.10.2018
Sjanger: Animasjon, barnefilm
Manus: Anne Elvedal
Produsent: Ingvild Evjemo, Anja Nicolas
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Lengde: 1 t. 2 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Qvisten Animation AS
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon
Aldersgrense: Tillatt for alle
Begrunning: Denne filmen har en scene med et fugleskremsel som kan virke skummelt. Da denne scenen er kortvarig, antas filmen ikke å virke skadelig på de yngste.

Kutoppen

 

Klara er ein ung bykalv som har ein draum om å bli ei stor stjerne. Ein dag mottek ho eit brev frå far sin, oksen Mosk, som ho ikkje har sett på mange år. Mosk vil ho skal besøkje han på garden hans Kutoppen til sommaren. Mor til Klara har fortalt at Mosk er ei stor rockestjerne, og no får Klara endeleg moglegheita til å bli kjend med han. Ho er overbevist om at Mosk vil ha trua på at ho sjølv kan bli ei like stor rockestjerne som han er. 

 

Overraskinga er difor stor når Klara kjem til Kutoppen og oppdagar at faren ikkje er rockestjerne, berre ein heilt vanleg eplekakebonde. Og ikkje nok med det: han har fått kugalskap og kjem til å misse garden sin om han ikkje bakar 100 eplekaker på ei veke til kremmaren! Klara bestemmer seg for at ho skal redde garden, og ikkje berre det - ho skal bake så gode eplekaker at ho vil bli kåra til den beste bakestjerna i heile verda og Kutoppen vil bli ein stjernegard! 

 

Men utfordringane lurer i bakgrunnen. Klara kan ingenting om gardsarbeid, og nokon saboterar kakebakinga hennar. Klarer ho å redde garden i tide? 

 

I tillegg til Klara og Mosk møter vi dessutan den vimsete høna Chickolina, den forsiktige nabogeita Gaute, den nervøse onkelen til Gaute - sauen Bærnt, og det skumle fugleskremselet Fobetron. Filmmusikken og songane er komponerte av anerkjente norske artistar som Odd Nordstoga, Emilie Nicholas, Tooji, Sol Heilo, Black Debbath og Valkyrien Allstars. Filmen er laga av Qvisten Animasjon, som også står bak suksessfilmane Hakkebakkeskogen og Knudsen og Ludvigsen.