KUNSTkino: Water Lilies by Monet

Originaltittel: Water Lilies by Monet: The Magic of Water and Light

Sjanger: dokumentar

Språk: engelsk

Undertekstar: engelsk

Varigheit: 1t 20min

Veiledande aldersgrense: tillatt for alle

KUNSTkino: Water Lilies by Monet

Velkomen til KUNSTkino!

 

Bli med på ei reise gjennom meisterverka og besettelsane til det impresjonistiske geniet Claude Monet.

 

"Water Lilies of Monet" fortel historia om eit arbeid som braut med alle normer, og ein kunstnar som antagelegvis redda sitt eige liv ved å male. Mot slutten av fyrste verdskriv skjønar Monet at han må bidra til Frankrike si kulturarv og vere eit symbol på fred, håp og motstand i ei blodig og forslått verd. Dette er historia om ei besetting av vatn og lys som kunstnaren ikkje greidde å sleppe, og om korleis han forvanlda dette til mange magiske kunstverk som sidan har trollbunde menneske over heile verda.

 

Dokumentaren tek oss med til Orangerie Museet, Marmottan Museum, Orsay Museum og Giverny.

 

 

No har du sjansen til å oppleve storslegne framsyningar frå verdas største scener i di eiga heimbygd! 

Fem kveldar denne våren kan du sjå desse framsyningar frå scener rundt om i Europa: 

 

31. januar:    TEATERkino -    Hamlet

14. februar:   MUSIKALkino -  Everybody's Talking About Jamie

7. mars:        KUNSTkino -    Water Lilies by Monet

10. april:      OPERAkino -    Carmen 

23. mai:       BALLETTkino -    Svanesjøen 

 

Trykk på titlane for å kome direkte til omtale og billettkjøp!