KUNSTkino: Van Gogh & Japan

Originaltittel: Van Gogh & Japan – Exhibition on Screen

Sjanger: kunstdokumentar

Språk: engelsk

Varigheit: 1t 25min

Aldersgrense: tilltatt for alle

KUNSTkino: Van Gogh & Japan

Velkomen til KUNSTkino med ei nydeleg reise gjennom Vincent Van Gogh sitt kunstnarskap og base til inspirasjon! 

 

«Jeg misunner japanerne» skrev Van Gogh til bror sin Theo. Til trass for at Vincent van Gogh aldri besøkte Japan er det tydeleg at Japan var det landet som hadde mest innflyting på han og kunsten hans.Ein kan ikkje verkeleg forstå van Gogh utan å sjå nærare på fascinasjonen hans for Japan. Den starta då japansk kunst kom til Paris rundt 1850, og gjorde inntrykk på kunstnarar som Monet, Degas og van Gogh. Dei besøkte dei nye galleria i Paris og fekk gjennom utstillingane der danna seg eit inntrykk av Japan. Denne kunsten inspirerte van Gogh til å ta en ny og spanande retning i sin eigen kunst.

 

Filmen tek oss ikkje berre med til Frankrike og Nederland, men også til Japan for å sjå nærare på kunstarven som inspirerte Vincent til å bli den kunstnaren vi kjenner han som i dag.

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 23 okt 19:00 Van Gogh & Japan 150 Kjøp