Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant
Norgespremiere: 27.09.2019
Sjanger: Barnefilm, familiefilm
Stemmer: 
Manus: Karsten Fullu
Produsent: Heidi Sandberg, Eirik Smidesang Slåen, Ove Heiborg
Nasjonalitet: Norge
Originalspråk: Norsk
Lengde: 1 t. 21 min.
Produksjonsår: 2019
Produksjonsselskap: Qvisten Animation AS
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon
Aldersgrense: Tillatt for alle
Begrunning: Denne animasjonsfilmen inneholder enkelte kortvarige dramatiske scener. Da disse skjer i et etablert eventyrunivers som vi legger til grunn er kjent for barn, antas filmen å ikke virke skadelig på de yngste. Filmen blir derfor tillatt for alle.

Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant

Ein svolten gutunge på flukt, ein livsfarleg jungelfyrste og sjølvaste Kongen på havet møtes i eit eventyrleg kappløp om å få tak i den magiske diamant! 

 

Den livsfarlige jungelfyrsten Maga Kahn og den onde dronning Sirikit har endeleg fått tak i den magiske diamant. Ryktet seier at den kan oppfylle ynskjer når det er fullmåne. Maga Kahn drøymer om å kunne tåle sol slik at han fritt kan bevege seg ut av den mørke jungelen, men innan det blir måneskinn blir diamanten stolen av guttungen Marco. Ein rasande Maga Kahn sender alle sine apesoldatar ut i jungelen for å jakte på gutungen. Den magiske diamant må tilbake, koste kva det koste vil!

 

Samstundes har Pinky slått seg til ro i Kjuttaviga og lever bekymringslause dagar, medan Sunniva kjedar seg og drøymer om eventyr. Eventyret kjem frå uventa hald då Kaptein Sabeltann og hans mest betrudde menn plutseleg dukkar opp! Snart befinn Pinky og Sunniva seg om bord på Den Sorte Dame i eit vanvittig kappløp for å finne den magiske diamant.

 

Bak filmen står animasjonsstudioet Qvisten Animation, som ga deg Dyrene i Hakkebakkeskogen, KuToppen og Flåklypa-trilogien. For å ta historia om den magiske diamant til lerretet har regissørane Rasmus A. Sivertsen og Marit Moum Aune fått med seg nokre av verdas beste karakterteiknarar og animatørar på laget.