Joker
 
 

Joker

Velkomen til OSCAR FILMFEST! Vi viser Oscarnominerte filmar i veka før Oscarutdelinga, og her kan du få med deg filmane du gjekk glipp av, eller sjå filmar vi ikkje har vist tidlegare!  

 

Joker er nominert til heile elleve prisar i kategoriane: 

Beste film | Beste regi | Beste mannlege hovudrolle - Joaquin Phoenix | Beste adapterte manus| Beste foto | Beste filmredigering | Beste hår og sminke | Beste kostymedesign |Beste originalmusikk | Beste lydklipp | Beste lydmiks 

 

 

 

Ta på deg et smil... Regissør Todd Phillips har skapt ei original, frittståande historie som ikkje liknar på noko av det vi har sett på det store lerretet før!


Phillips si tolkning av Arthur Fleck, vakkert portrettert av Joaquin Phoenix, er av ein mann som kjempar for å finne vegen i Gotham sitt oppsprukne samfunn. Han jobbar som klovn om dagen og stand-up-komikar om nattam men spøken er alltid på hans bekostning...
Fanga i ein eksistens mellom apati og grusomheit, tek Arthur ei beslutning som fører til ein kjedereaksjon av eskalerande hendingar i denne karakterstudien av «The Joker».

 

Filmpolitiet trilla terningen til 6 og ba Joaquin Phoenix om å begynne å skrive på Oscar-talen sin, for den kom han til å få bruk for. Og der fekk jo dei heilt rett - filmen er nominert i heile 11 kategoriar, flest av årets filmar! Les heile anmeldinga til FIlmpolitiet her!

 

 

 

Lengde: 2t 2min

Aldersgrense: 15 år

Begrunning: Denne filmen har en gjennomgående dyster stemning og inneholder enkelte nærgående og blodige draps- og voldsskildringer. Filmen får derfor aldersgrense 15 år.

 

Norgespremiere: 04.10.2019
Originaltittel: Joker
Sjanger: Krim, drama, thriller
Nasjonalitet: USA
Originalspråk: Engelsk
Produksjonsår: 2019
Distribusjon: SF Norge