Greta

Greta

Ingen har hatt større innflyting på den internasjonale debatten om klimaendringar og miljøpolitikk dei siste åra enn Greta Thunberg. På bemerkelsesverdig kort tid har tenåringsjenta frå Sverige blitt frontfigur for ei global rørsle som ynskjer handling framfor vekkforklaringar, og som ynsker å stille politikarane til ansvar for den verda dei er i ferd med å etterlate til oppveksande generasjonar.

 

I denne dokumentarfilmen følgjer vi Thunberg frå henna fyrste skulestreik til møter med verdsleiarar. Frå keitete småprat med Emmanuel Macron og verbale skyllebøtter frå Donald Trump og Jair Bolsonaro, til den berykta seglturen over Atlanterhavet for å delta på FN-toppmøtet i New York, skildrar filmen Thunberg sin lett absurde kvardag frå eit backstage-perspektiv. Vi får også eit innblikk i korleis autisme har sett sitt preg på Thunberg sin oppvekst, og bidrege til å forme verdsbiletet hennar.

 

GRETA er ein inspirerande film om klima, demokrati, det å vere annleis og det å tore og ta eit standpunkt når ingen andre gjer det.

 

 

Lengde: 1t. 37 min

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Filmen inneholder ingen scener som antas å virke skadelig på barn. Den blir derfor tillatt for alle.

 

Premiere: 06.11.2020
Medverkande: Greta Thunberg
Sjanger: Dokumentar
Regi: Nathan Grossman
Nasjonalitet: Sverige
Språk: engelsk/svensk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Tour de Force