Et glass til

Mads Mikkelsen leiar eit stjernelag av danske skodespelarar i denne dramakomedien! 

 

Fire lærarar og venner bestemmer seg for å teste Finn Skårderud sin teori om at mennesket er fødd med ein halv promille for lite i blodet.

Teorien er at alkohol opnar sinnet for omverda og får kreativiteten til å blomstre. Resultatet er oppsiktsvekkande. Både undervisninga og sjølvtilliten betrar seg, og venene startar for alvor å kjenne seg levande igjen. I takt med at glasa fyllest opp, opplever nokre av dei framgong, medan andre sporar av. Det blir tydeleg at alkohol har sine positive sider, men også at den slags dristige forsøk kan ha alvorlege konsekvensar.

 

ET GLASS TIL er eit morosamt, rørande, livsbejaande og tankevekkande drama om vennskap, fridom, kjærleik - og alkohol. Dette vart også den mest sette filmen på danske kinoar i 2020, med over 800.000 besøkande! 

 

 

Lengde1t. 57 min

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Denne filmen har en forstyrrende tematikk og inneholder scener med sterke følelsesutbrudd og skildringer av ustabile voksenpersoner som er overstadig beruset. Filmen får derfor 12-årsgrense.

 

Premiere: 23.10.2020
Originaltittel: Druk
Skodespelarar: Mads Mikkelsen, Thomas Bo Larsen, Lars Ranthe, Magnus Millang, Maria Bonnevie, Helene Reingaard Neumann, Susse Wold m.fl.
Sjanger: Komedie / Drama
Regi: Thomas Vinterberg
Nasjonalitet: Danmark
Språk: dansk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Arthaus

 

 

Korona-oppdatering 20. januar:

Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte. Operasalen og kinosalen har fastmonterte sete, dermed kan vi ta imot inntil 200 publikummarar. Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 31 jan 19:00 Et glass til 100/80 12 år Kjøp