Dronningens corgi

Velkomen til VINTERFERIE-kino! Vi inviterer til kjekke filmar på dagtid, og sjølvsagt ein fredagspremiere!

 

Måndag 17. februar kl. 12:00 - Flukten over grensen

Tysdag 18. februar kl. 12:00 - Frost 2 (norsk tale)

Onsdag 19. februar kl. 12:00 - Elleville Elfrid

Torsdag 20. februar kl. 12:00 - Spion i aksjon

Fredag 21. februar kl. 18:00 - Dronningens corgi - premiere!

 

Alle billettar kjøper du på operahuset.no, i eBillett-appen eller ved inngangen.

 

 

 

Heilt sidan corgi-hunden Rex ankom Buckingham Palace har han levd eit liv i luksus. Som kronhund og dronninga sin soleklare favoritt har han lagt til seg ei nokså irriterande og arrogant haldning. Då han ein dag klarer å klosse det skikkeleg til under ein diplomatisk middag på slottet mellom kongefamilien i England og USA sin president Donald Trump, blir det rabalder.

 

Etter å ha blitt lurt og svikta av ein av sine eigne, finn Rex seg sjølv aleine og heimlaus ute på gatene i London. Etter kvart blir han plassert i ein ekkel kennel for hundar som absolutt ikkje er av kongeleg adel! Korleis kunne dette skje!? Rex innser sakte, men sikkert at han må endre haldningane sine, og at dei nye venene hans i kennelen faktisk ikkje er så verst. Gjennom nye vennskap og erfaringar starter han på ei reise mot å bli ein betre hund, og for å finne heimatt til slottet og til si kjære dronning igjen.

 

Dronningens corgi er ein artig animasjonsfilm for heile familien, med den britiske kongefamilien og dei sjarmerande corgi-hundane deira i hovudrollane!

 

 

 

Lengde: 1 t. 25 min.

Aldersgrense: 6 år

Begrunning: Enkelte mørke og dramatiske scener gjør at denne filmen får 6-årsgrense.

 

Norgespremiere: 14.02.2020
Originaltittel: The Queen's Corgi
Sjanger: Animasjon Barnefilm
Nasjonalitet: Belgia
Produksjonsår: 2019
Distribusjon: Selmer Media