Dragetreneren 3

Vi feirar våre gode naboar Sagastad som opnar att for sesongen 30. mai, og inviterer til VIKINGkino søndag 31. mai kl. 16:00! Då har du sjansen til å få med deg Dragetreneren 3 - bli med tilbake til vikingane, med Hikken i spissen!

 

Velkomen på kino! Vi gler oss veldig til å ta i mot deg, men husk at du sjølvsagt må vere frisk frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime. Vi set fram antibac ved inngangane og ber deg om å bruke dette både når du kjem og i det du går. Kiosken er open. 

  

 - Du må kjøpe billett via nettsidene våre eller eBillett-appen. 

 - Billettane er unummererte. 

 - Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene. 

 - Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom, det vil seie at det må vere eitt tomt sete mellom deg og neste publikummar. 

 - Personar frå same husstand har lov å sitje saman.

 - Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast. 

 

Følg også Stad kino på Facebook for oppdateringar! 

 

 

 

OMTALE: 

Hikken har blitt sjef for stammen, og har fullført draumen sin om å lage eit lite samfunn der dragar og menneske kan leve saman side om side. Men farer trugar landsbyen deira, og Hikken og resten av dragetrenarane blir tvungne til å sette kursen mot ein ny heim. Då han var liten, fortalde faren hans historiar om ei myteomspunnen, hemmeleg verd der dragane bur, og Hikken bestemmer seg for å finne ut om denne staden faktisk eksisterer.

 

 

Lengde: 1 t. 44 min.

Aldersgrense: 6 år

BegrunningDenne filmen inneholder scener med kamper og skremmende skikkelser i et tydelig eventyrunivers. Filmen får derfor 6-årsgrense.
 
Norgespremiere: 11.01.2019
Originaltittel: How To Train Your Dragon: The Hidden World
Sjanger: Action, animasjon, eventyr
Manus: Dean Deblois
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Produksjonsår: 2018
Distribusjon: United International Pictures
 
 
 
 
DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 31 mai 16:00 Dragetreneren 3 (2D, Norsk tale) 100/80 6 år Kjøp