DOKUMENTARkino: The Cold Blue

Originaltittel: The Cold Blue

Sjanger: dokumentar

Språk: engelsk

Varigheit: 1t 42min

Aldersgrense: 12 år

 

DOKUMENTARkino: The Cold Blue

The Cold Blue er ein hyllest til karane som risikerte alt, og bidrog til at dei allierte gjekk sigrande ut av andre verdskrig. 

 

Dokumentaren byr på eksklusive opptak som aldri har vore vist før, filma av den Oscarvinnande regissøren Willian Wyler, mest kjend for filmar som Ben-Hur, The Best Years of Our Lives, The Big Country og Roman Holiday. 

 

Wyler tek oss med 9000 meter over dei tyske slagmarkane, medan soldatane i lufta kjempar seg gjennom vannvittige minusgrader. Det var ingen odds som tilsa at nokon av soldatane kom til å vende heim i live frå oppdraget dei tok på seg, og takka vere William Wyler kan vi oppleve den heroiske innsatsen deira på nært hald.

 

Wyler drog i 1943 til Europa i for å dokumentere krigen fra lufta. Wyler vart med B-17 fly på tokt og oppdrag, der ein av hans sine kameramenn mista livet. Heilt tilfeldig vart opptaka hans frå «The Memphis Belle» oppdaga i eit hvelv hos National Archives, og denne dokumentaren består av desse opptaka. I tillegg til opptaka får vi også ein eksklusiv tur innom klipperommet der The Cold Blue vart laga.  

 

 

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 26 sep 20:00 The Cold Blue 150 Kjøp