Disco
Norgespremiere: 04.10.2019
Originaltittel: Disco
Sjanger: Drama
Skodespelarar: 
Manus: Jorunn Myklebust Syversen
Produsent: Maria Ekerhovd
Foto: Marius Matzow Gulbrandsen
Nasjonalitet: Norge
Originalspråk: Norsk
Lengde: 1 t. 35 min.
Produksjonsår: 2019
Produksjonsselskap: Mer Film
Distribusjon: Mer Filmdistribusjon
Aldersgrense: 12 år
Begrunning: Denne filmen har partier med urovekkende stemning, og den har en tematikk som framstilles på en måte som kan virke forstyrrende på barn. Filmen får derfor 12-årsgrense.

Disco

Tru - håp - tvil. 

 

På overflata verkar alt perfekt. 19 år gamle Mirjam er stedottera til den karismatiske pastoren i menigheita Friheten. Som regjerande verdsmester i disco freestyle dans, og leiar av frikyrkja si ungdomsgruppe, er ho kyrkja si store stoltheit. Men under VM kollapsar ho på dansegolvet, og nederlaget vekkjer spørsmål og uro i henne. Heime blir ho møtt med at ho må tru meir, tru betre. Mirjam prøvar, men kroppen sviktar. I søkjen etter svar på kvar problema hennar kjem frå, og i frustrasjon over ikkje å bli sett, trekkast ho mot ein strengare konservativ menigheit, og i hemmeligheit dreg ho på sommarleiren deira.

 

I Disco gjer Josefine Frida ein uvanleg sterk spelefilmdebut i rolla som Mirjam. I andre rollar finn vi Nicolai Cleve Broch, Kjærsti Odden Skjeldal, Andrea Bræin Hovig og Espen Klouman Høiner. 

 

Dette er den andre spelefilmen til regissør og manusforfattar Jorunn Myklebust Syversen. Den fyrste filmen hennar, Hoggeren frå 2017, vart nominert til to Amanda-prisar og hylla av norske filmkritikarar. Disco er også valgt ut til to av verdas viktigaste filmfestivalar. I september får den verdspremiere ved filmfestivalen i Toronto, før den får europeisk premiere i New Directors-konkurranseprogrammet til San Sebastian filmfestival. I Noreg skal filmen visast ved filmfestivalen i Bergen før kinopremieren 4. oktober.