Det flyvende teppet
Norgespremiere: 26.04.2019
Originaltittel: Hodja fra Pjort
Sjanger: Animasjon, familiefilm, barnefilm
Manus: Vicki Berlin, Karsten Kiilerich
Produsent: Kim Magnusson, Tivi Magnusson, Anders Mastrup
Foto: Niels Grønlykke
Musikk: Halfdan E. Sebastian
Nasjonalitet: Danmark
Språk: Norsk
Lengde: 1 t. 21 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: M&M Productions, A. Film, Danmarks Radio (DR), Det Danske Filminstitut
Distribusjon: Manymore AS
Aldersgrense: Tillatt for alle
Begrunning: Denne filmen har ingen scener som antas å være skadelig for barn. Den får derfor aldersgrense tillatt for alle.

Det flyvende teppet

Hodja bor i Pjort, ein liten ørkenby i Bulgislav, saman med mor og far og geita Raya. Pjort er ein fin og interessant stad, men veldig lite, og Hodja drøymer om store eventyr i ei verd bortanfor fjella i horisonten. Far til Hodja likar ikkje desse draumane, og insisterar på at Hodja skal bli i landsbyen. Verda er ikkje ein dans på roser, den er farleg, og folk frå ein liten landsby skal ikkje blande seg med menneske frå omverda. Hadja skal følgje i hans eigne fotspor og bli skreddar, meiner han. 

 

Då Hodla plutseleg får ein sjanse, grip han den med begge hender. Han får eit fantastisk flygande teppe av den gamle El Faza, og Hodja flyg avgårde saman med sin trufaste geiteven Raya for å bringe tilbake El Faza sitt barnebarn. 

 

Dei reiser til Sultanens by, Petto. Dette er noko heilt anna enn det Hodja hadde sett føre seg. Byen er stor og kaotisk med farer som trugar rundt kvart eit hjørne. Det er ikkje lett for ein naiv landsbygut som Hodja å halde fast på det fantastiske teppet. Heldigvis treff Hodja på Emerald, ei flott byjente som kjenner alle triksa og snarvegane i Petto. Men til trass for dette blir dei lurt av "Rotta", ein ond tjuv som stel teppet. Rotta tek umiddelbart teppet med seg til sultanen, i håp om å motta ei belønning og bli kommandør for den kongelege hæren. For alle veit at det største ynskjet til sultanen er å liggje på eit flygande teppe og sveve over byen, slik at alle innbyggjarane ser at han ikkje berre er ein rik, feit og lat diktator, men også den einaste flygande sultanen i verda. 

 

Filmen er basert på Ole Lund Kirkegaard si kjende bok "Hodja fra Pjort".