Den største forbrytelsen

 

26. november 1942. Etter ordre frå den tyske okkupasjonsmakta blir ein storstilt politiaksjon sett i gong over heile landet. I Oslo er over 300 politifolk, hirden og NS- medlemmar kalla inn for å bistå. Over 100 drosjer er rekvirert til oppdraget. Alle jødiske kvinner, barn og eldre skal deporterast. Det same gjeld dei som befinn seg på sjukehus. Det finnast ikkje unntak for nokon.

 

Ein månad tidlegare hadde politiet i Oslo arrestert nesten alle jødiske menn over 15 år og samla dei på Berg interneringsleir utanfor Tønsberg. Grytidleg om morgonen blir dei vekt og køyrde vekk med tog i krøttarvogner, destinasjonen er kaia i Oslo. Ved utstikkar 1 ligg det tyske frakteskipet Donau klar for å ta imot den menneskelege lasta. I korte glimt gjenforenast menn og koner, fedre og barn, bestefedre og barnebarn, før dei brutalt blir rivne vekk frå kvarandre igjen. Skrekkslagne og uvitande om skjebna si tvingast dei under dekk på det store lasteskipet. Donau forlet Oslo med totalt 529 norske jødar ombord. Endestasjonen er utryddelsesleiren Auschwitz.

 

«Den største forbrytelsen» er ein storslått og dramatisk film basert på ei sann historie som strekk seg frå 1930-talet fram til fredsdagane i 1945. Forteljinga om familien Braude står i sentrum for handlinga i filmen. Ein vanleg norsk arbeidarfamilie som fram til desse skjebnesvangre dagane hadde levd liva sine trygt på Grünerløkka. Der levde dei med sine draumar for livet og ambisjonar for framtida, men skjebna deira vart besegla av det faktum at dei var jødar. 


Familien Braude spelast av Jakob Oftebro (Charles Samuel Braude), Carl Martin Eggesbø (Harry David Braude), Eilif Hartwig (Isak Josef Braude), Silje Storstein (Helene Braude), Pia Halvorsen (Sara Bertha Braude) og Michalis Koutsogiannakis (Benzel Braude). Manuset er skrive av Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad, med utgangspunkt i Marte Michelet si bok "Den største forbrytelsen". Regien er ved Eirik Svensson. Filmen produserast av Fantefilm Fiksjon ved Martin Sundland, Therese Bøhn og Catrin Gundersen.

 

 

 

Lengde: 2t 06min

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Denne filmen handler om jødedeportasjon i Norge under 2. verdenskrig. Filmen har en utrygg stemning og inneholder enkelte blodige voldsskildringer og scener med mishandling av jøder i en interneringsleir. Da disse foregår i en historisk og realistisk ramme, får filmen 12-årsgrense.

 

 

Premiere: 25.12.2020
Skodespelarar: Jakob Oftebro, Kristine Kujath Thorp, Eilif Hartwig, Carl Martin Eggesbø, Michalis Koutsogiannakis, Pia Halvorsen, Silje Storstein, Nicolai Cleve Broch, Axel Bøyum
Sjanger: Drama / Spenning
Regi: Eirik Svensson
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Nordisk Film Distribusjon

 

 

 

Korona-oppdatering 20. januar:

Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte. Operasalen og kinosalen har fastmonterte sete, dermed kan vi ta imot inntil 200 publikummarar. Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.