Bølle i trøbbel

Bølle i trøbbel

Velkomen på kino! Vi gler oss veldig til å ta i mot deg, men husk at du sjølvsagt må vere frisk frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime. Vi set fram antibac ved inngangane og ber deg om å bruke dette både når du kjem og i det du går. Kiosken er open. 

  

 - Du må kjøpe billett via nettsidene våre eller eBillett-appen. 

 - Billettane er unummererte. 

 - Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene. 

 - Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom, det vil seie at det må vere eitt tomt sete mellom deg og neste publikummar. 

 - Personar frå same husstand har lov å sitje saman.

 - Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast. 

 

Følg også Stad kino på Facebook for oppdateringar! 

 

 

 

OMTALE: 

Møt Bølle, ein hund som til no har levd det gode liv! 

 

Det sorglause livet til Bølle gjer han dårleg rusta til det han har i vente. Plutseleg ein morgon møter ikkje matmor han som vanleg. Det viser seg at ho har gått bort. Kort tid etter dukkar to fjerne og temmeleg ufyselege slektningar opp for å få arva si. Bølle blir kasta ut i kaoset som oppstår, saman med alt anna frå villaen dei ikkje får seld. Men dette er ei løsning som arvingane vil kome til å angre på...

 

Bølle må brått og brutalt lære at det finnast ei heilt anna verd utanfor den beskytta verda han har tilbrakt all sin tid i, og dei ufyselege slektningane innser litt for sent at dei faktisk er avhengige av hunden for å få arva sin. Dermed er sirkuset i gang. Bølle må no lære på den verkeleg harde måten korleis ein overlever som gatehund, og arvingane kjempar mot klokka for å få Bølle tilbake til signeringa skal gjennomførast og arva endeleg kan bli deira. På denne tida rekk Bølle å få nye vener og fiendar. Og som om ikkje det var nok, har han også fått ein profesjonell dyrefangar etter seg!

 

Det er duka for mange dramatiske, morosame, spennande og rørande augneblinkar undervegs. Dette er ein film som vil få fram latter hos både små og store, men også minne oss om på kva som verkeleg er viktig her i livet.

 

 

Lengde: 1t 27min 

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Filmen inneholder kortvarige, dramatiske elementer satt i en trygg ramme. Den blir derfor tillatt for alle.

 

Premiere: 03.04.2020
Norske stemmer: Nahom Feshatzion, Siri Bye-Nilsen, Seda Witt, Sigbjørn Solheim, Sarah McDonald Berge, Jon Arne Bjørnstad, Gaute Boris Skjegstad, Christel Marie Blunck, Christoffer Staib, Fredrik Paasche, Øyvind Borgemoen Lyse, Scott Maurstad
Sjanger: Animasjon / Komedie / Barnefilm
Regi: Wayne Roberts
Nasjonalitet: USA / Canada
Språk: norsk dub
Produksjonsår: 2019
Distributør: Manymore AS