Astrup - Flammen over Jølster
Norgespremiere: 04.10.2019
Originaltittel: Astrup - Flammen over Jølster
Sjanger: Drama
Skodespelarar: 
Regi: Pål Øie
Manus: Karl Johan Paulsen, Pål Øie
Produsent: Einar Loftesnes
Foto: Sjur Aarthun
Nasjonalitet: Norge
Originalspråk: Norsk
Lengde: 1t 19min
Produksjonsår: 2019
Produksjonsselskap: Handmade films in Norwegian woods
Distribusjon: Norsk Filmdistribusjon
Aldersgrense: 12 år
Begrunning: Filmen har en mørk stemning, og inneholder enkelte scener med skremmende bilder og skikkelser. Disse kan virke urovekkende på 9-åringer, og filmen får derfor 12-årsgrense.
 

Astrup - Flammen over Jølster

Thure Lindhardt personifiserar Nikolai Astrup (1880-1928), ein av Norges største billedkunstnarar, i dette storslegne biografiske dramaet «Astrup – Flammen over Jølster».

 

Den unge Nikolai gjer opprør mot sin pietistiske prestefar. Mentoren, kommunisten Anton Fond (Dennis Storhøi) inspirerer han til å reise ut i Europa for å lære. I Paris foraktar han moteriktige malarkollegaer og finn sin eigen stil. Etter eit halvt år med studier og eit utsvevande liv, reiser han våren 1902 heim til Jølster i Sunnfjord. Her held han fram med å la seg inspirere av lokale tradisjonar, overtru og heidenske skikkar. Dei fargesterke skildringane hans av Vestlandet sin frodige natur og folkeliv har vore folkeeige i generasjonar. Dei ikoniske midtsommarnattbilda med jonsokbål, livsglede, dans, alkohol og erotikk er salt i såret for prestefaren og pietistane i bygda.

 

Då han giftar seg med den 15 år gamle Engel (Henriette Marø) blir det reaksjonar, men Nikolai og Engel bryr seg ikkje om sladderen. Dei får 8 barn, og med eigne hender byggjer dei Astruptunet som blir motiv for mange av dei mest kjende bilda hans.

 

Astrup - Flammen over Jølster tek oss med på ei ferd gjennom Nikolai Astrup sitt liv og inspirasjonen bak dei mest kjende bileta hans, fram til han døyr altfor tidleg i 1928.

 

«Nikolai Astrup skulle vært like berømt som Edvard Munch, men verden synes å ha glemt ham - frem til nå. » The Guardian, 2016.

 

MERK: Hovudpersonen snakkar dansk i filmen, og filmen er difor teksta på norsk.