13 måneder

 

Den sanne og utrulege historia om Daniel Rye, den 23 år gamle danske fotografen som sat 398 dagar i IS- fangenskap.


Filmen fortel historia om Rye sitt fangenskap i det omtala IS-fengselet i Raqqa i Syria, der fleire vestlege gislar blei haldne fanga i 2013/2014, mellom anna James Foley. I filmen følgjer vi Daniel sin kamp i fengselet og vennskapet med Foley, parallelt med korleis familien heime i Danmark handterar frykta for å miste sonen sin, samtidig som dei forsøkjer å forhandle med den danske regjeringa på den eine sida og terroristane på den andre.

 

Filmen er basert på Puk Damsgård sin bestselgar "Ser du månen, Daniel", og filmen er sett av nesten ein halv million i Danmark. Den er kritikarrost og har sanka danske filmprisar for beste hovudrolle, birolle og manus, samt publikumsprisen. Regien er ved Niels Arden Oplev kjent for "Menn som hater kvinner", og co-regien er ved skodespelar Anders W. Berthelsen (Krøniken). Prisbelønte Espen Smed har hovudrolla som Daniel, og med seg har han veldig sterke birolle-karakterar.

 

Sitat fra dansk presse:
"Ulidelig spennende"
"Nervepirrende og dypt rørende"
"Aktuelt og skremmende stykke Danmarkshistorie"

 

 

 

Lengde: 2t 19min

Aldersgrense med begrunning: 15 år
Filmen skildrer personer med sterk angst og inneholder nærgående og realistiske torturscener. Den får derfor aldersgrense 15 år.

 

Premiere: 29.05.2020
Skodespelarar: Espen Smed, Anders W. Berthelsen, Sofie Torp, Toby Kebbel
Sjanger: Drama
Regi: Niels Arden Oplev og Anders W. Berthelsen
Nasjonalitet: Danmark / Norge
Språk: dansk
Produksjonsår: 2019
Distributør: Euforia

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 03 jul 20:30 13 måneder 100 15 år Kjøp