Gymmen Scene og Studio er ei sjangeruavhengig livescene på Nordfjordeid. Ein stad for all type kultur, kreativitet og scenekunst. Malakoff Rockfestival administrerer Gymmen i samarbeid med Operahuset Nordfjord.

 

Lokala våre inneheld scene med kapasitet til 250 personar med bar og backstage. I kjellaren finn ein studio, treningsrom og garderobar. Plassering sentralt i Nordfjord gir kort reiseveg frå Måløy, Stryn, Volda og Førde.

 

Kontakt oss for meir informasjon om muligheita for å spele inn musikk, øve, arrangere konsert, møter, kurs eller andre typar aktivitetar. Du kan leige heile eller deler av lokala, med den type kompetanse du treng for ditt arbeid. Gymmen er eit rimelig alternativ til andre. I Gymmen sitt nettverk kan ein finne flinke folk med kompetanse på foto, film, marknadsføring, arrangement, lyd og lys. Det er berre å spørje :)

 

Her kan du kjøpe billett: malakoff.no/gymmen

 

Kontaktinformasjon

Leiar: Sveinung M. Pile
E-post: sveinung@malakoff.no 
Mobil: 97 65 83 67

 

Booking: arntivar@malakoff.no 

 

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/gymmensceneogstudio 

 

Scene

Tøff konsert- og klubbscene i sentrum av Eid med plass til 250 personar (golv + mesanin). Publikumsarealet har sittegrupper, stolar og bord etter type arrangement og tal publikum.

Gymmen Scene har serveringsløyve for øl og vin.

 

Lokala kan nyttast til møte, kurs og konferanse i tillegg til konsertar og øving. Bak i lokalet finn ein bar og toalett/garderobe.

 

Speleflate 5,2 m x 4 m
Scenehøgde 73 cm
Takhøgde: 4,1 meter / Scene/trosse-høgde: 3,3 meter


Prisar
Sjå prisliste for Gymmen: https://eid.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=338&FilId=2851 
Leige av lokala, private aktørar: pris på førespurnad
Leiga inkluderer:
• Lokalet
• Grunnpakke lyd, lys, projektorar og lerret
• Stolar og bord
• Vask av lokalet
• Sanitære fasilitetar

 

Tilvalg ved lokalleige
Rigging av lokale, per time kr. 350,- eks. mva (Gjeld for arrangement med omfattande rigg)
Bemanning: Vert / bartendarar og servitørar. Per time kr. 370,- / 350,- (minimum 4 timar)

 

Fakturaadresse
post@malakoff.no 
Malakoff Rockfestival
Eidsgata 10, 6770 Nordfjordeid

Besøksadresse: Sophus Lievegen 1, 6770 Nordfjordeid


Backstage
Backstage ligg skjerma plassert i andre høgda bak scene. Her finn ein toalett, sminke/kles-skifte, minikjøkken og opphaldsrom. Det er direkte tilgang til scene frå backstage. Tilgang til dusj/garderobe i underetasjen.

 

Catering/losji
Gymmen har ikkje eige kjøken eller overnatting. Vi har avtale med lokale leverandørar på mat og overnatting. Dette blir avtalt individuelt med kvar artist. Hotellet ligg 10 min gange frå Gymmen.

 

Parkering/get in
Venlegst informer tidlig om de kjem med nightliner, lastebil og/eller varebil, og kva straumbehov de har. Vi har parkeringsplass rett utanfor Gymmen Scene og Studio. Det er også mulig å parkere ved hotellet.

 

Vareinngang scene på bakkeplan.
Get-in blir avtalt individuelt med kvar artist etter behov.

 

Internett og kontorfasilitetar
Vi har eige trådlaust nett, og tilgang til printer om naudsynt.

 

Rigge- og berehjelper
Vi kan stille med dette om de gir beskjed i god tid.

 

Merchandise
Vennlegast meld frå i forkant om dere tar med Merchandise til Gymmen. Vi ordnar med bordoppsett og eventuell bemanning, men dette må avtalast på førehand.