Opningstider Stad bibliotek - hovudbiblioteket Nordfjordeid

Biblioteket i Operahuset Nordfjord er stengt inntil vidare. 

 

Takeaway! Vi vil likevel gjere det mogeleg for deg å låne bøker til påske. Du bestiller, og vi finn bøkene i hylla og heng posen din med bøker på stativ utanfor inngangen til operahuset. Det står namnet ditt på posen. Du kan hente måndagar og fredagar kl 12.00-14.00. Bestill helst i god tid.

Du kan bestille på nettsida vår her, på e-post: biblioteket.eid@stad.kommune.no eller på telefon 91858980.
Biblioteket tek ikkje imot bøker du har lånt, og du får ikkje purring på bøker som er forfalt. Bøkene beheld du inntil vidare.
Det er ikkje mogeleg å fjernlåne bøker i denne perioden sidan fjernlånet mellom biblioteka er stengt. Du kan kun bestille bøker vi har på hylla i dag.

Tiltaket er sett i gang i samråd med kommuneoverlege. Vi handterer bøkene med eingongshanskar som vert kasta etter bruk.
Ordninga føreset at vi ikkje får ein situasjon der vi ikkje kan bemanne tenesta

 

Ordinære opningstider: 

Måndag kl 09.00-15.30

Tysdag kl 09.00-18.30
Onsdag kl 09.00-15.30
Torsdag kl 09.00-18.30
Fredag kl 09.00-13.00

Laurdag kl 11.00-14.00