Bibliotek

Velkomen til Stad bibliotek - hovudbiblioteket Nordfjordeid

Biblioteket i Operahuset Nordfjord er stengt.

 

Takeaway! Vi vil likevel gjere det mogeleg for deg å låne bøker til påske. Du bestiller, og vi finn bøkene i hylla og heng posen din med bøker på stativ utanfor inngangen til operahuset. Det står namnet ditt på posen. Du kan hente måndagar og fredagar kl 12.00-14.00. Bestill helst i god tid.

Du kan bestille på nettsida vår her, på e-post: biblioteket.eid@stad.kommune.no eller på telefon 91858980.
Biblioteket tek ikkje imot bøker du har lånt, og du får ikkje purring på bøker som er forfalt. Bøkene beheld du inntil vidare.
Det er ikkje mogeleg å fjernlåne bøker i denne perioden sidan fjernlånet mellom biblioteka er stengt. Du kan kun bestille bøker vi har på hylla i dag.

Tiltaket er sett i gang i samråd med kommuneoverlege. Vi handterer bøkene med eingongshanskar som vert kasta etter bruk.
Ordninga føreset at vi ikkje får ein situasjon der vi ikkje kan bemanne tenesta

 

Innlevering: Inntil vidare er det ikkje mogeleg å levere bøker til biblioteket på Nordfjordeid. Operahuset Nordfjord er stengt. 

 

Purringar: Meldingssystemet skal no vere slått av og ingen skal heretter få melding om forfall. Dersom nokon har fått meldingar kan dei sjå bort frå desse. Det vil ikkje bli sendt ut purringar som gjeld forfall i den perioden biblioteket er stengt.

 

Bestillingar/fjernlån: Du vil ikkje få hente bøker som er bestilt/reservert. Bestillingssystemet vil truleg verte stengt. All transport mellom biblioteka er innstilt

 

Som lånarar kan de altså behalde det de har lånt inntil vidare

 

Vi oppmodar dykk også om å bruke våre digitale tenester Bookbites for lån av bøker og lydbøker, og Filmbib for kortfilm.

 

----------

 

Ordinære opningstider: 

Måndag kl 09.00-15.30

Tysdag kl 09.00-18.30
Onsdag kl 09.00-15.30
Torsdag kl 09.00-18.30
Fredag kl 09.00-13.00

Laurdag kl 11.00-14.00

 

Biblioteket er ope for alle. Hos oss kan ein låne bøker, tidsskrift, lydbøker, dvd, dataspel og kombidokument. Ein kan lese aviser, bruke Internett eller sette seg i ein lyttestol og lytte til musikk eller lydbøker. Vi har lokalsamling med lokal litteratur og mikrofilmlesar. Vi har også stille lesesal og grupperom.

 

Utlån: Lån er gratis, og lånetida er normalt fire veker. Dersom ein ynskjer å bli lånar, kan ein få lånekort mot å vise legitimasjon. Dersom ein ynskjer det kan ein få eit nasjonalt lånekort.

 

Bøker: Biblioteket er inndelt i ei barneavdeling og ei vaksenavdeling. Her finn ein skjønnlitteratur -  lyrikk, skodespel og prosa - og faglitteratur om alle emne. I barneavdelinga kan ein til dømes finne peikebøker, lettleste bøker og teikneseriar. Biblioteket har ei større samling krimbøker, bøker på engelsk og ei eiga lokalsamling med bøker og anna materiale frå vår kommune/vårt distrikt. Lokalsamlinga har mikrofilmlesar.

 

Tidsskrift og aviser: Biblioteket har eit variert utval av tidsskrift, allmennkulturelle og fagspesifikke. Dei er til utlån, unnateke nyaste nummer som berre er til gjennomsyn. Biblioteket har regionavisene Sunnmørsposten og Bergens Tidende, og lokalavisene Fjordabladet, Fjordenes Tidende og Firda.

 

Lydbøker: På biblioteket kan ein låne lydbøker både for barn og for vaksne. Dei fleste lydbøkene er på CD, men vi har også ein del digibøker og digikort. Vi har også språkkurs som kombidokument (lyd+tekst). Det gjeld vanleg utlånstid  på 4 veker for lydbøker. Dersom ein ynskjer det kan ein lytte til lydbøker på biblioteket i ein av våre lyttestolar. 

 

DVD: På biblioteket kan ein låne film på DVD både for barn og for vaksne. Lånetid for DVD er 1 veke.

 

Fjernlån: Bøker og anna materiale som biblioteket ikkje har i samlinga, kan vi som regel låne inn frå andre bibliotek. Alle offentlege, og dei fleste private, bibliotek samarbeider om denne tenesta som er gratis for lånaren.

 

Internett: Biblioteket har PC ar med Internett tilgjengeleg for publikum. Ein kan skrive ut frå PC ane. Vi har også trådlaust Internett for publikum.

 

Lesesal: Biblioteket har stille lesesal med 14 arbeidsplassar. På lesesalen finn ein oppslagsverk innanfor alle fag og emne.

 

Lokalsamling: På lokalsamlinga finn ein lokale bøker, som bygdebøker/gard og ætt og årbøker/sogeskrift. Vi har folketejingar, kyrkjebøker og klokkarbøker på mikrofilm, og vi har mikrofilmlesar. Her er arbeidsplass for den som vil studere i fred. Rommet kan også brukast som grupperom.

 

Utstillingar: Bibliotekpersonalet lagar utstillingar om varierande tema. Vi har også utstillingar laga av andre, både lag, foreiningar og privatpersonar.